Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Villsaugarn frå Lygra

Publisert den 23.08.2017 - 20:08
23.08.2017 - 20:08

På Lyngheisenteret sel vi garn i frå villsauen som har beita her ute på Lygra. Garnet er eit samarbeid mellom Lygra Villsaulag, Hillesvåg Ullvarefabrikk og Lyngheisenteret.

Nøstet er 100g med 100% garn i frå Gamalnorsk sau, også kalla villsau (Ovis brachyura borealis). Villsauen er ein norsk sauestamme som lik seg ute heile året, er særs glad i lyng og ordnar det meste sjølv. Han har mykje lanolin i ulla, noko ein merker når ein strikkar med han. Villsauen har to lag med ull som heldt han varm om vinteren og som han feller om sommaren. Villsauen frå Lygra går ute i lyngheiane heile året og ulla har blitt brukt av fiskarane og bøndene her ute har vore i århundrer.

Ta gjerne kontakt med Lyngheisenteret om du har spørsmål om Villsaugarnet.

Pris er 120kr per nøste og kan kjøpast i resepsjonen på Lyngheisenteret så lenge beholdninga varer.