Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

VIKING OG MELLOMALDAR MARKNAD PÅ LYGRA

Publisert den 06.07.2018 - 15:29

Reis tilbake i historia og møt ein levande leir med marknad, ymse aktivitetar og opplevingar frå både vikingtid og mellomaldar. På marknaden kan du smake på mat og drikke, sjå handverkare i sving med arbeidet sitt, og sjøl prøve deg på litt av kvart. Velkommen til spanande, historiske dagar på Lygra! 


Opningstider:

Fredag 10. august
Kl. 14 - 18 : Levande viking og mellomaldarleir med ymse aktivitetar


Laurdag 11. august
Kl. 11 - 18 : Viking - og mellomaldarmarknad
Kl. 12 - 15: Bogeskyting, sverdkamp, vikingspel, tinnstøyping, lag di eiga skinnpung


Sundag 12. august
Kl. 11 - 16 : Viking - og mellomaldarmarknad
Kl. 12 - 15: Bogeskyting, sverdkamp, vikingspel, tinnstøyping, lag di eiga skinnpung


Billettpris: Vaksen kr 40, barn kr 20, familie kr 80 (2+2)

Arrangør: Nordhordland Frie Vikinger i samarbeid med Lyngheisenteret

Restaurant Matstova på Lyngheisenteret er open for servering av vikingmat, og i kinosalen vises korte filmsnuttar med vikingtema.

06.07.2018 - 15:29