Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Vidaregåande

28.09.2010 - 12:19

Lyngheisenteret kan bidra med undervisningsopplegg for elevar på Vidaregåande.

Gjennom heile året er det mogeleg å drive utandørsundervisning om ulike tema knytt til kulturlandskap, landbruk, miljø, historie og geografi.

Lygra ligg midt mellom den indre farleia og Lurefjorden, noko som gir særs interessante marine tilhøve som kan trekkast inn i undervisninga.

Uteaktivitetane femnar om alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka, til enklare kartleggingsarbeid for bruk i den vidare utforskinga av miljøtilhøva på Lygra.

Alle oppgåvene siktar mot å medverke til heilskapleg forståing av korleis det tradisjonelle kulturlandskapet er eit resultat av gardsdrifta og ei berekraftig utnytting av ressursane på kysten.

Ta kontakt med post@lyngheisenteret.no for meir informasjon.

Undervisning - vidaregåande skule  
Dagen tek til med film og utstilling. 
I utstillinga vert det satt av tid til omvising og oppgåveløysing. 
I klasserommet går vi igjennom teoristoff og forberedar elevane på kva dei skal gjere ute etterpå. Ute i landskapet vert det ei omvising på den kulturhistoriske garden og i lyngheiane. 
Skulen veljer på førehand ut spesielle tema og/eller aktivitetar dei vil vere med på alt etter fag og målet med turen til Lyngheisenteret. 
Elevane kan vere med på skjøtselsarbeid, oppleve dei mange kulturminna i landskapet eller gjere registreringsarbeid som ein del av miljøundervisninga.


Det er mange tema knytt til eit besøk på Lygra som høver godt for prosjektarbeid. Vi kan hjelpe til med spesiell litteratur for fleire av temaene nemnt nedanfor. 
Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje. 


I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.



Tema:

Geografi (felles, VKI og VKII)
* Kulturlandskapet
· Kvifor er lyngheiane eit kulturlandskap? Korleis har folk utnytta naturgrunnlaget langs kysten sidan yngre steinalder? Vi ser spesielt på korleis fiskarbonden har utnytta ressursane på ein berekraftig måte i lyngheikulturen, med gardsdrift og fiske. (Samanhengen vegetasjon, jordsmonn, klima og kulturpåverking).
· Kva trugar lyngheiane? Kva gjer ein nasjonalt og internasjonalt for å ta vare på naturtypen? Kvifor ta vare på ulike kulturlandskapstypar?
·  Elevane får ei omvising på den kulturhistoriske garden og i lyngheilandskapet. Dei kan vere med på eller få demonstrert ulike aktivitetar/skjøtselstiltak i tilknytting til garden og lyngheidriften, slik som korleis ein tar torv til brensel, slår lyng til fôr, slår einstape til strø og tar torv, tang og tare til gjødsel og fôr.
· Dei kan kartleggja kulturlandskapet på Lygra ved å buke kart og teikne inn vegetasjonstypar og bygningar/kulturminne i landskapet.
· Vi kan òg sjå nærare på geologien på Lygra; forvitringsjord, landheving, gamal sjølinje, lokalisering busetting, spor etter kor isen har gått; sigdbrot, skuringsstriper, sprekkedanning.


Historie (VKI og VKII)
* Lyngheiane; eit berekraftig produksjonssystem gjennom 5000 år.

· Korleis har vegetasjonen og landskapet endra seg på kysten sidan siste istid? Korleis har folk utnytta naturressursane før og no?
· Sidan yngre steinalder har lygneheiane vore ressursgrunnlaget for fiskarbonden. Korleis har dei drive lyngheiane (gamle driftsformer). Kva trugar lyngheiane i dag? Kvifor ta vare på dei?
· Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
· I lyngheilandskapet ser vi på kulturminne (gravhaugar, kolmiler), steingardar og ulike bygningar som gardflor, naust, torvhus og moldhus og kvifor landksapet ser ut som det gjer.
· Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning? Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setje opp ein modell av eit grindverksbygg. Denne modellen er dessverre for tida ute av funksjon.

 

 Vikingtid og mellomalder
Kva spor kan vi finne i landskapet frå vikingtid?
Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid og mellomalder. Ein ser kvar våningshus med eldstad har lege og kor driftsbygningen har stått like attmed. Kor mange menneske og dyr kan ha levd på denne garden? Nokre av funna frå arkeologiske utgravingar er utstilt i informasjonsbygget saman med ein modell av det gamle tunet.


Istid og landformer. Steinalder og buplassar. 
Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.
Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?
Turen vert ei vandring i tid frå der gardane ligg i dag og utover i lyngheilandskapet på leiting etter kor folk budde i steinalderen før folk tok til å dyrke jorda.
Turen egner seg godt for 4. klasse.

 

Byggjeskikk og kulturminne
Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
Vi ser på steingardar og ulike bygningar som gardflor, torvhus og moldhus i lyngheilkandskapet.
Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning?
Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setja opp ein modell av eit grindverksbygg.

Plantar og dyr i lyngheia
Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.

 Bronselader og jernalder
Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landskapet seg med desse nyvinnngane?
Vi fekk faste gardsanlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får slå med ljå, vi slår lyng, bregnar eller gras. Vi ser på gravhaug frå yngre jernalder.

 

 Livet ved fjøra
Kva for plantar og dyr finn vi ved fjøra? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei?

-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde. 

Naturfag
Lyngheia som økosystem og/eller marin økologi.
· Elevane gjennomfører ein feltdag på Lygra der dei får ein innføring i kva kulturlandskap og lyngheiar er (økologiske og kulturelle føresetnader). Dei får lære om lyngheiar som ein berekraftig utnytting av naturressursane gjennom 5000 år.
· Vi fokuserer på trugsmål lyngheiane står overfor og kva ein gjer nasjonalt og internasjonalt for å ta vare på denne naturtypen.
· Dei får gjere enkle registreringsarbeid av plantar og dyr i lyngheia og/eller i marine område. Kan de setje opp næringskjeder og næringsnett frå lyngheia?
· Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.

 

Biologi VKI og VKII (2Bi og 3Bi). Feltdagar
*Lyngheia som økosystem og/eller marin økologi.
· Foruten lyngheiane finst det ein rik lauvskog og ein planta granskog. På innmarka finst det både næringsrike enger med eit lavt biologisk mangfald og ein urterik slåtteeng med eit stort mangfald av artar.
· Dei marine områda egner seg godt for nærare studiar.
· Elevane lærar om kulturlandskap og dei økologiske og kulturelle føresetnadene for lyngheilandskapet. Korleis er plantar og dyr tilpassa dei økologiske forholda i lyngheia?
· Dei får gjera biotopanalyser der dei registrerar plantar og dyr (ruteanalysar), ser på jordprofil og samlar arter til objektsamling.
· Dei kan gjere enkel vegetasjonskartleggjing.
· Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.

* Endringar i jordbruket etter 1850
·
Vi ser på busetting med tufter frå gamalt klyngetun og tek opp teigdeling, folkeauke, press på ressursane og utskiftingane på slutten av 1800-talet.
· Elevane får ei omvising på den kulturhistoriske garden. Korleis vert ein moderne gard drive i dag?
·  Elevane kan få vere med på eller få demonstrert arbeid på garden og i lyngheia alt etter kva årstid de kjem. Til dømes korleis ein tar torv til brensel, slår lyng til fôr, slår einstape til strø og tar torv, tang og tare til gjødsel og fôr.


*Skjøtsel av kulturlandskap
Fiskarbonden og ressursbruken i lyngheikulturen

Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som t.d lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til gjødsel og torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd og to gonger i året sanker vi villsau.

 
*Lyngheia som økosystem

Kva er eit kulturlandskap? Kva for skjøtselstiltak må ein gjera i lyngheiane? Korleis må planter og dyr tilpasse seg bruken i lyngheia (t.d beite og brann)?
Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Kan vi sette opp næringskjeder/næringsnett?
Kva for naturressursar har folk hausta frå lyngheiane?
Kva for trugsmål står lyngheiane overfor i dag?
Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.


 * Endringar i jordbruket etter 1940
Kva for viktige forbetringar skjedde i jordbruket etter 1940? Kva fekk desse forbetringane og seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis har jordbruket sitt kulturlandskapet endra seg med desse nyvinningane?
Vi besøker den kulturhistoriske garden som driv slik dei gjorde før 1940 med hest og gamle reiskap, utan kunstgjødsel, kraftfôr og traktor. Korleis vert ein moderne gard drive i dag?
Elevane kan få vera med på arbeid på garden alt etter kva årstid de kjem.



*Kulturminne på Lygra
Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske.
Kva vert bygningar og t.d steingardane nytta til?
Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?
Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid/mellomalderen.