Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Varme tråder - klede og landskap

Publisert den 23.04.2018 - 10:42
23.04.2018 - 10:42

Varme trådar – klede og landskap

Stort internasjonalt seminar på Nordhordland Folkehøgskule 15.mai kl 09.00 - 15.30

Kva har skjøtsel av landskapet, biologisk mangfald, jorderosjon og sauer med bunader og ei klimapositiv lue å gjere? Både tekstilar og mat er ein del av kvardagen vår. Og medan utviklinga av lokal mat har resultert i auka kunnskap og val, kan ein seie det same for tekstilar og klede?

Tysdag 15. mai vert det samla internasjonale forskarar, sauebønder, byråkratar, tekstilprodusentar, designstudentar og klesprodusentar på Nordhordland folkehøgskule for å diskutere lokale klede og om dette kan bli ein oppfølgjar til lokalmat-suksessen.

Kva tenkjer folk flest vis du spør om lokale klede? -Bunad? -Fanakofta ? Høgst sannsynleg. Men vi har alle ein kleskultur som er forankra i landskapet og livet der vi bur. Lokale klede kan være klede laga av lokale råvarer eller klede produsert lokalt. Ull frå sauene oppe i lia spunne på lokalt spinneri og så strikka eller vevd i nærområdet kan gje tilleggsverdi på line med lokalmat. Kva er miljøgevinsten? Og kva betyr det for lokalsamfunna i Nordhordland, som kan bli Norges første biosfæreområde?

Det handlar om meir enn mindre transport og strengare regulering. Ei betre utnytting av lokale råvarer og kultur kan gje betre produkt.

Arr: KRUS (forskingsprosjekt), Region Nordhordland (Nordhordland UNESCO biosfærekandidat/ forprosjekt ULL), Lyngheisenteret på Lygra, Ullveka 2018

Program:

For å lære meir om dette, har vi invitert internasjonale akademikarar og ekspertar som jobbar med feltet på ulike måtar. Programmet er foreløpig og kan bli endra.

http://www.hioa.no/eng/Events/Warm-threads-clothing-landscape

Påmeldingskjema: https://webshop.hioa.no/produkt/warm-threads-clothing-landscape/

PS! Påmeldingsfristen er 5.mai, sjølv om det står 24.april på linken

 

Om nokre av foredragshaldarane:

Rebecca Burgess: Då The North Face i vinter lanserte ei ‘klimapositiv beenie’ (lue) var det i samarbeid med Rebecca Burgess  frå Fibershed i California.

Kate Fletcher: Er ein ettertrakta foredragshaldar verda rundt og forfattar av dei mest leste og siterte bøkene om berekraft og mote. Ho meiner Nordhordland er ein perfekt setting for ein slik konferanse med bakgrunn i UNESCO-søknaden som biosfæreområde. «Å sjå alt i eit holistisk perspektiv innanfor eit lokalt avgrensa område, gjev uendeleg betre forståing, eigarskap og kunnskap enn det den globale, kommersielle mote- og tekstilindustrien byr oss.» Kate Fletcher, professor ved Centre for Sustainable Fashion, University of the Arts London, er ein av forskarane i KRUS. KRUS er leia av forskningsinstituttet SIFO ved OsloMet.

Carole Christiansen: Blant dei nye forretningsmodellane er festivalar og marknader, som Ullveka i Nordhordland. Dette er eit viktig initiativ for å styrke arbeidet med ei god utnytting av lokal ull og samarbeid breitt lokalt. Carole Christiansen fra Shetland Wool Week vil fortelja om korleis den lokale ullveka der har bidrege til endringar lokalt og stor turisttilstrøyming for å kjøpe lokale ullprodukt. Festivalen sin øvste beskyttar er forøvrig Prins Charles.

Ingun Grimstad Klepp som er seniorforskar ved SIFO og leiar for KRUS, vil knytte kleskultur til den staden konferansen vert halde. Basert på eit feltarbeid i området vil ho vise at klede er meir enn kjøp og sal. Klede er også kultur. Dei blir lagra, vaska, reparert og sirkulert i heimen, dei inngår i relasjonar mellom menneske med arv og bytte av klede og tenester knytt til dei, både med og utan pengar. I Nordhordland er det ei sterk husflidsrørsle og fleire viktige hjørnesteinsbedrifter som tar området sin viktige tekstiltradisjon vidare. Dette pregar og folk sine garderobar og påkledning. 

Ragnhild Lie: Dagleg leiar for Lofoten Wool, har på kort tid bygd ein merkevare basert på lokal forankring og lokalvare. Ho bring saman klede og landskap og delar sine erfaringar frå å bygge produksjon og marknadsføring med fokus på området sitt potensiale, og korleis dette heng saman med turisme lokalt.

Dei inviterte utanlandske foredragshaldarane vil etter seminaret saman oppleve Bergen 17.mai, for å sjå på korleis klede inngår i fest og feiring.

For meir informasjon ta kontakt med:

Torhild Kvingedal (Lyngheisenteret på Lygra/Ullveka)

+47 951 58 756 / torhild@lyngheisenteret.no

 

Ingunn Grimstad Klepp (KRUS)

+47 990 97 402/ ingun.g.klepp@sifo.hioa.no

 

Tone Skårdal Tobiasson (KRUS)

+47 906 97 911/ tone@nicefashion.no

 

Kjersti Isdal (Region Nordhordland/forprosjekt ULL-Ullveka)

+47 971 29 193/ kjersti@nordhordland.net

 

Kari Natland (Region Nordhordland/Nordhordland UNESCO biosfærekandidat)
+47 480 70 972/ kari@nordhordland.net

Billettpris inkl. lunsj: kr 450 / kr 100 for student

Lenkjer:

http://www.hioa.no/Om-HiOA/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/SIFO/Prosjekter-SIFO/KRUS-oekt-utnyttelse-av-norsk-ull

http://www.fibershed.com/

http://www.nordhordlandbiosphere.no/