Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Sykkelutleige på Lyngheisenteret

Publisert den 20.06.2018 - 11:58
20.06.2018 - 11:58

No kan du leige syklar på Lyngheisenteret!

Gode og allsidige hybridsyklar frå Merida med hydrauliske skivebremsar. Komfortabel og sportsleg sittestilling, 24 Shimano-gir, med låsbar dempegaffel. Vekt 13,9 kg. Syklane er utstyrt med bagasjebrett og stropper, og ei praktisk mobilveske på styret, så du får med deg saker og ting. Med i leiga får du hjelm og punkteringsfiks (spray), og polstra setetrekk om du ønsker det. Så då er det berre å trø til! Områda rundt Lygra og Lindås er flotte å utforske på sykkel, i bonderomantisk landskap med utsikt til fjord og fjell.

OBS! Å sykle på lyngheiene er diverre ikkje tillatt. 

Utleige pris:

1 time kr 100

2-3 timer kr 200

3-5 timer kr 300

Vi tar Vipps, kontant og kort