Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Sildebord på Lyngheisenteret

Publisert den 26.04.2019 - 13:12
26.04.2019 - 13:12

Velkommen til ein velsmakande kveld hos oss!

For kort tid sidan, kokte det av sild i Lurefjorden, og 23. mai kan du komme å smake på alt kokkane steller i stand av denne flotte, kortreiste fisken. Her får du alt frå spekesild til kryddersild, nubbesild, bøkling, sursild, tomatsild og diverse sildesalater...og kaffi og dessert. Det heile servert ved fjorden som silda kjem i frå!

Magnhild Dyrdal kjem og fortel om det tradisjonsrike sildefisket, korleis ein har tilbereia silda, konserveringsmetoder og andre interessante sildehistoriar.

Pris kr. 395,-  pr person for sildebord, kaffi og dessert.

For påmelding, kontakt post@lyngheisenteret.no, eller kjøp billett hos Tikkio.com. Velkommen til ein kjekk kveld med silda i fokus :-)