Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Reis med veteranbåt til Lygra og Sletta

Publisert den 09.06.2017 - 08:50

Sundagsseilas med det 109 år gamle dampskipet D/S Oster frå Bergen gjennom den vakre Indre Farleia til Lyngheisenteret og til Vestnorsk utvandringssenter.

Turen går via Salhus og Trikotasjemuseet og har eit passasjerstopp på Frekhaug før han seglar gjennom Indre Farleia, den vakraste sjøvegen i Nordhordland. Her vert det stopp hjå Lyngheisenteret på Lygra og Utvandringssenteret på Sletta før båten returnerer til Bergen att. Du kan gå av på det museet du ønsker å vitje for så å bli med båten tilbake til Bergen på ettermiddagen. 

Avgang frå Dreggekaien 18. og 25. juni og 2. og 9. juli.

Avgong frå Bergen kl. 10, Salhus kl. 11 og Frekhaug kl. 11.15 - ankomst Lygra kl. 12.45 og Sletta 13.15.

Retur frå Sletta 15.15, Lygra kl. 15.45 med ankomst Frekhaug kl. 17.30, Salhus kl. 17.45 og Bergen kl. 18.45.

Billettprisar

T/R frå Bergen kr. 500. T/R frå Salhus/Frekhaug kr. 400. Born 4-16 år halv takst.
Billettkjøp ombord.

Søndag 18. juni er det utstillingsopning på Lyngheisenteret, Lygra

Søndag 2. juli er det Utvandringsfestival på Vestnorsk utvandringssenter, Sletta

 

09.06.2017 - 08:50