Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Påske og sesongopning på Lyngheisenteret

Publisert den 14.03.2018 - 10:32
14.03.2018 - 10:32
PÅSKAS PROGRAM PÅ LYNGHEISENTERET
 
Palmesundag
Kl 12-15: Utandørsopplevingar. Her kan du bli sminka som påskehare eller påskekylling, og prøve deg på ulike aktivitetar. Når du har gjennomført alt, får du eit lite påskeegg i premie:-)
På grillen har vi pølser, på takka steikast sveler, og på bålet kan du grille Marshmallows.
Pris pr barn kr 30,- inkl. aktivitetar, pølse, svele og marshmallows.
 
Garden til Anita og Johan ligg omkring 5 minutt i gåavstand frå Lyngheisentret, og her kan du helse på dyra mellom kl 12 og 15. Sjå skilt oppe i hovudvegen om du ikkje veit kor det er
 
Kl.14: kan du besøke Dan sine (påske)høner. Her er det og mogleg å kjøpe gardsegg til påske. Garden til Dan ligg ved parkeringa / nedkjørsel til Lyngheisenteret
 
Kl. 13 og 15 vises filmen "Kunsten å brenne lyng" i auditoriet.Pris kr. 40 for vaksen. Barn gratis

OBS! Palmesundag vert det kafé frå kl. 12-16 med enkel servering i "Møterommet", pga barnedåp i Restaurant Matstova.

BilQuiz: I heile påska kan du dra ut til oss på ein morosam måte, kor du løyser påskenøtter på vegen. Gratis oppgåveark henter du på SHELL stasjonen i Knarvik. Dette er påskenøtter og oppdagelsesferd på same tid :-) Kanskje du besøker plasser du aldri før har vore, og attpåtil lærer noko nytt! På toppen av det heile er du med i trekninga av ei premie, så her er det berre å fylle opp bilen med folk og fe ;-) Om dei går tom for oppgåveark på Shell stasjonen i Knarvik, kan du laste ned pdf her og sende svara til post@lyngheisenteret.no

PDF icon Bilquiz.pdf

Opningstider Skjærtorsdag, Langfredag og 1.påskedag: kl. 12-16

Kl. 13 og 15 vises filmen "Kunsten å brenne lyng" i auditoriet.Pris kr. 40 for vaksen. Barn gratis

Ute er det flott å gå påsketur på lyngheiene, og Vinterløypa (ei slags skattejakt) er fortsatt på plass i terrenget. Gratis oppgåveark finn du i resepsjonen eller i steinhuset oppe ved parkeringa. Inne har vi påskepusslerier for barn, og påskejakten "Eggtyven", kor du kan vinne eit lite påskeegg om du finn ut kven som er tyven...

Ellers byr vi på flott utsyn over fjord og fjell, frisk luft, fred og ro. Velkommen til Lyngheisenteret i påska.