Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Påske og sesongopning 2019

Publisert den 03.04.2019 - 16:25

Sett av Palmesundagen til eit besøk på Lyngheisenteret. Då er det sesongopning og påskeaktivitetar hos oss. Det vert opplevingar frå kl 12-15, kor du blant anna kan bli sminka som påskehare eller påskekylling, lage påskepynt og gå vår nye Påskerebus. Kanskje får du eit lite påskeegg og :-)
Pris kr. 30 pr. barn

Matstova er open frå 12 - 16  og serverer god, heimelaga mat, kor blant anna pinnekjøtt med raspeballar står på påskemenyen

OPNINGSTIDER SKJÆRTORSDAG, LANGFREDAG OG 1.PÅSKEDAG: kl. 12-16

Sjå våre to små, nye utstillingar. "Mandus og Klara" og Strikk frå Nordhordland.

Ute er det flott å gå påsketur på lyngheiene, og for litt ekstra gøy på turen, prøv vår nye Påskerebus i terrenget. Gratis oppgåveark finn du i resepsjonen eller i steinhuset oppe ved parkeringa.

Matstova er open frå 12 - 16  og serverer god, heimelaga mat, kor blant anna pinnekjøtt med raspeballar står på påskemenyen

Inne har vi påskepusslerier for barn, og kokken har laga påskejakten "Eggtyven", kor du kan vinne eit lite påskeegg om du finn ut kven som er tyven...

Elles byr vi på flott utsyn over fjord og fjell, frisk luft, fred og ro. Velkommen til Lyngheisenteret i påska!

03.04.2019 - 16:25