Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Mønstring av gammalnorsk sau (villsau) på Lygra 23. september

Publisert den 17.07.2017 - 15:22

«Villsauen» har vorte særs populær og det er mange bønder i Nordhordland som har slike dyr. 

For å få auka merksemd på dette dyret sine gode eigenskapar og for å legge grunnen for eit enno betre fagmiljø knytt til dette dyret, vil Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag saman med landbrukskontora arrangere mønstringsutstilling for verar av «villsau» no i haust.

Arrangementet vert 23. september 2017 i tidsrommet kl.1000 – 1500. Alle som driv med villsau i Nordhordland (Austrheim, Fedje, Radøy, Lindås, Meland og Masfjorden) vert med dette invitert til å komme til Lygra denne dagen for å få verane i flokken vurdert. Føresetnaden er at dyra er merkt og registrert i husdyrregisteret. Føremålet er å syne verane fram for autoriserte dommarar. Dei vil sjå på dyra og kåre dei beste. Kjøp og sal av hanndyr vert sjølvsag mogeleg.

Etter at mønstringa er avslutta vert det høve til kjøpe middag på Lyngheisenteret til ein rimeleg penge. Etter måltidet vil Alf Ottar Folkestad som er leiar i Norsk Villsaulag, fortelje om arbeidet i Sunnmøre Villsaulag, der han kjem frå. Dette vil truleg vere til inspirasjon og legge grunnlag for vidare arbeid her hjå oss.

I den same veka som denne utstillinga er tenkt, er det ULLVEKE i Nordhordland. Den tek til fredag 22.september og held fram med mange arrangement mellom anna i helga. Truleg vert det stor tilstrøyming av folk til Lyngheisenteret denne dagen, og det er flott om og produsenten (både dyret og bonden), kan få merksemd.

Me ber om at dei som vil vere med melder seg på til: Kjartan.Nyhammer@lindas.kommune.no eller torhild@lyngheisenteret.no Påmelding kan vere namn og adresse og om lag kor mange dyr ein vil stille ut. Så vert det teke kontakt frå Landbrukskontoret si side etterpå.

Frist til å melde seg vert sett til 1.august.

Facebook event for arrangementet finn du her

17.07.2017 - 15:22