Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lynghonning frå Austrheim til sals på Lyngheisenteret

Publisert den 26.10.2017 - 20:48
26.10.2017 - 20:48

 

Det er mange artar som trivst særs godt i lyngheiane. Frå store dyr og fuglar som villsau og hegre og til dei heilt små insekta. Nokon som trivst veldig godt i lyngheiene er bier og Lyngheisenteret har no fått inn lokal lynghonning frå andre sida av Lurefjorden, Austrheim, av birøkar Sidsel Styve. Det er kokken vår Andrew Midson-Slettbakk som har rørt honningen kvar dag i to veker før honningen vart heldt over på glass på Lyngheisenteret. Og her er han no, klar til sals. Honningen er rik på smak og vi har fått designa flotte etikettar på huset av Stine Eikefet noko som gjer han til ein fin gåve - både til seg sjølv og andre. 

Vi har to størrelser på honningglassa; 125g for 45kr og 250g for 85kr. 

Ta kontakt med oss på post@lyngheisenteret.no for å bestille lynghonning. 

 

Lurer du på om det mogleg å kjøpe lynghonning frå Lygra? Vel, ikkje ennå, men i år har det vore bikuber ute på Ytre Lygra og vi gler oss stort til at dette vert klart for sal! Meir informasjon kjem snart.