Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lyngheisenteret sel villsaugarn frå Lygra

Publisert den 29.06.2017 - 11:31

På Lyngheisenteret sel vi villsaugarn i frå Lygra. Dette er laga av ull av villsauen (Ovis brachyura borealis) på Lygra, som vert klipt i slutten av mai. Ulla vert sortert i ulike fargar og spunne på Hillesvåg Ullvarefabrikk. Det er Lygra Villsaulag som står for garnet. Garnet kjem i hovudsakleg to fargar, naturkvit og gråmelete. Garnet kan brukast som vanleg garn frå vanleg kvit sau, sjølv om det er litt forskjell på desse.

Villsauen har ei unik ull som består av to lag. Innerst er bunnulla, mjuk som den finaste merino, og ytterst er dekkulla, som er grovare og som fungerer som ein regnkappe for sauen. Ull frå villsauen har stort innhald av lanolin som fungerer som naturleg impregnering og er kjend for å ver svært varm. 

I eldre tider var ull frå villsauen svært viktig for kystbefolkninga for å lage gode klede for fiskarar og bønder. Denne ulla har vore brukt langt tilbake i tid. Vi eit òg at vikingane lagde segl av ull frå gamalnorsk sau.

Ta kontakt om du har spørsmål. 

 

Pris: 100g/120kr.

29.06.2017 - 11:31