Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lyngheisenteret sel slakt av villsau frå Nordhordland

Publisert den 19.10.2017 - 16:14
19.10.2017 - 16:14

 

I haust har Lyngheisenteret bestilt inn ekstra kjøt av villsau særskild frå Nordhordland. Vi ønsker å selge dette som ein del av vårt matprosjekt kor vi fokuserer på mat frå Nordhordland og dei flotte lokale råvarane vi har her i distriktet. Villsauen har gått fritt ute i lyngmarka og dette er godt, smakfult og magert kjøt av høg kvalitet. Desse stykka passar perfekt for ein familiemiddag og om du ønsker lynghonning frå Nordhordland til lammesteika, så kan det også kjøpast hjå oss.

 

Merk at det er begrensa kor mykje vi har til sals, så her er det førstemann til mølla:

 

Heile slakt av villsau - grovpartert

Pris per kg: 130,-

 

Ferske heile lammelår av villsau

Pris per kg: 200,-

Vekt: mellom 1.077kg – 1.5kg

 

Bog av villsau, fersk

Pris per kg: 150,-

Vekt: 0.8-0.9kg

 

Surra lammesteik, fersk

Pris per kg: 250,-

 

Ønsker du å bestille? Ring eller send sms til vår daglege leiar Torhild på nr. 95158756 imorgon fredag. Kjøtet kan hentast direkte på Lyngheisenteret fredag og laurdag, om ikkje anna er avtalt.