Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Lyngheisenteret på Lygra

09.07.2016 - 17:38

 
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit kunnskaps og  informasjonssenter om kystlandskapet.
Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap slik det har vore på kysten i 5000 år.
Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Potugal i sør til Lofoten i nord.
I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna. 
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap,
kunnskapen og tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. 

I dag held lyngheiene i Norge og Europa på å forsvinne, 90 % er alt borte på grunn av oppdyrking,
forureining og tilgroing. På Lygra er lyngheiene verna gjennom aktiv gardsdrift.

Gardane på Ytre Lygra
Senteret er etablert i nært samarbeid med dei lokale grunneigarane.
Dei held det vakre kulturlandskapet på Lygra i hevd gjennom aktiv gardsdrift på tradisjonelt vis med beiting med utegangarar (villsau),
lyngbrenning og slått. Samstundes er heile utmarka tilrettelagt for friluftsliv, m.a. gjennom eit omfattande system av idylliske turstiar.

Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa der du kan oppleve autentiske lyngheier drivne av lokale bønder,
og som samstundes er tilrettelagt for publikum.

Lyngheisenteret fekk i 2001 UNESCO sin globale kulturlandskapspris for arbeidet med å verne kulturlandskapet.

I 2005 vart Lyngheisenteret tildelt Europarådet - Europa Nostra sin kulturlandskapspris,
'for its  pioneering role in the protection of authentic heathland, and the maintenance of its biological diversity and traditional knowledge'
EUROPANOSTRA