Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lyngheisenteret: Infobygget

09.07.2016 - 15:03

Resepsjonen

I resepsjonen finn du eit godt og variert utval varar. Vi sel villsaugran og villsauskinn frå Lygra, ulike ullprodukt og ferdaminne, i tillegg til eit utval bøker. Vi har særleg fokus på å bruke lokale produsentar og aktørar, så det meste i resepsjonen er laga lokalt. Ein kan òg få kjøpt kioskvarer her.

 

Restaurant Matstova

Vi kan tilby god, heimelaga mat med hovudsakleg lokale, økologiske produkt. I sesongen har vi i vekedagane (onsdag, torsdag, fredag) servering av villsausuppe, nysteikte vaflar, heimelaga kake og kaffi. På søndagane har vi ein variert og utvida middagsmeny. Det er eigen barnemeny.

Om du har matallergiar, ta kontakt med oss! Vi merkar alle rettane med allergen og legg til rette om det er noko du ikkje tålar. 

 

Auditoriet

Autoriet har sitteplassar til 60 personar. Her er prosjektor, høgtalarar og mogleg å kople til eigen data. Her viser vi film kl 13 og 15.

Auditoriet vert også brukt til Bygdekino, konsertar, møter og foredrag

 

Møterom

Vårt flotte møterom har kapasitet på 30 personar. Her kan ein ta i bruk prosjektor og sette opp borda til langbord eller i små grupper.

Det er flott utsikt over Lurefjorden, noko som gir rolege og fine omgivelser for alle typer møter og presentasjonar. 

Møterommet er også brukt til mindre familiearrangement og vert hyppig brukt i konfirmasjonssesongen. 

 

Utstilling

Lyngheisenteret er eit levande museum. Med dette meiner vi at hovudfokuset vårt er på lyngheiane og kystlandskapet utanfor. Vi har òg ei utstilling inne for å syne samspelet og viktigheita av lyngheiene. Denne heiter "Det stig av hav" og fortel om livet til fiskarbonden, lyngheiar frå Portugal til Lofoten, og her kan du og sjå ein modell frå Middelaldergarden på Lurekalven, nordvest for Lygra. 

 

Toalett

På Infobygget er det 3 toalett. På handicaptoalettet er det stellebord. 

Ute er det i tillegg éitt toalett som er ope 24/7 heile året. Inngong ved bosskontainarane. 

Det er ingen dusj tilgjengeleg. 

 

Parkering

Det er ein liten parkeringsplass omlag 100m frå Infobygget (plass til ca 10 bilar) . 

Omlag 500m unna er det ein større parkeringsplass med plass til omlag 25 bilar. 

Bussparkering er ca 700m frå Infobygget. 

Folk med gangvanskar kan etter avtale køyre ned til Infobygget. 

Har du elbil? Vi har eit ladepunkt tilgjengeleg med vanleg stikkontakt. Den ligg ved bosskontaineren i førsteetasjen (på nedsida av Infobygget, kontakt opp på veggen til venstre på vifta). 

 

Gjenvinning av boss

Vi ønsker å halde Lyngheisenteret og Lygra fritt for boss. Ver vennleg å ta med alt boss heim, lever det til oss på Infobygget for sortering eller bruk bosskorgene som står utanfor Infobygget.