Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lyngheisenteret har opna for sesongen

Publisert den 05.04.2018 - 12:50
05.04.2018 - 12:50

 

Lyngheisenteret har opna for sesongen...

...sjølv om det fortsatt er både jul- og påskestemning ute :-)

Onsdag, torsdag, fredag kl. 11-15:30 og sundag kl. 12-17

Vi har frisk luft og flott turterreng i området, med utsikt til fjord, kyst og fjell. Restaurant Matstova serverer god, heimelaga mat. Vi har alltid villsausuppe og grønnsaksuppe på menyen. Nysteikte vaflar, kaker og is får du også alltid hos oss.

Vi har kinosal i underetasjen, og for tida kan du og sjå ei lita utstilling om gamle strikkeklede frå Lygra på Møterommet.

 

Lyngheisenteret sitt bilde.

Den siste sundagen kvar månad har vi familiedag, og fleire andre arrangement kjem til å kome utover sesongen. Følg med på nettsider og Facebook for oppdatert informasjon.

           

Hos oss kan du og kjøpe lokale produkt, kor ull er spesialteten. Vi sel alt frå villsaugarn til sitteunderlag, bøker, handverk og lynghonning.

Heile året tek vi i mot grupper, selskap, bedrifter, skuleklassar og studentar etter avtale. NB! Hvis du går tur med hund, hugs bandtvang, det er dyr på beite!