Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Lær deg å spinne på handtein med Ronja Cecilie Moås

Publisert den 05.07.2019 - 08:18

Spinnekurs på Lyngheisenteret i Ullveka

Har du lyst til å lære deg å spinne? På idylliske Lyngheisenteret? Ronja Cecilie Moås solgte ut to kurs hos Bergen Strikkefestival på eit par dagar, men no har du ei ny sjanse til å få med deg dette, i Ullveka på Lygra. Dette spinnekurset gjer deg ein grunnleggande innføring i korleis du spinner og tvinnar ditt eiga garn ved hjelp av handtein. Handteinen er eit billig og begynnervennleg spinneverktøy som har vært i bruk i uminnelege tidar. Dette kurset passar både for dei som aldri har prøvd handtein tidlegare og dei som har forsøkt, men som kanskje ikkje heilt har fått dreisen på det. Du får låne handtein på kurset, men om du har ein liggande må du gjerne ta med deg denne! Rekk opp ei hand(tein) dersom dette er noko du har lyst til å lære deg! Denne helga held Ronja 2 kurs på Lyngheisenteret, eit om laurdagen og eit om sundagen. Kursa har samme innhald. Minimum antall deltagare pr kurs er 10, og max antall 15.

Laurdag kl. 12 - 16 med innlagt lunsjpause. Pris kr 750,- inkl. lunsj

Sundag  kl. 12 - 16 med innlagt lunsjpause. Pris kr 750,- inkl. lunsj

Lunsjen består av heimelaga villsausuppe eller grønsaksuppe, kake og kaffi

Ronja Cecilie Moås er litteraturviter og lidenskapeleg opptatt av norsk ull, garn og tradisjonsstrikk med ein moderne vri. Ho lærte seg å spinne fordi hendene trengte ei avveksling frå strikkinga, og det tok ikkje lang tid før spinne-galskapen tok heilt av! No sel Ronja handspunne garn av norsk ull blanda med luksusfibre – mjuke, fargesprakande garnkvalitetar med sjel og sjarm som varmar og varer lenge. Du finn Ronja på Instagram som @rentoppspinn.

05.07.2019 - 08:18