Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kulturkveld - "Vinje vår mann"

Publisert den 18.06.2019 - 14:50
18.06.2019 - 14:50


I samarbeid med Sogn og Fjordane Teater byr vi på framsyninga Vinje vår mann - "koffertversjonen' på Lyngheisenteret.

6. april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vinje var den første som tok det det nynorske skriftspråket til Ivar Aasen ut i det offentlege rommet.

I fjor feira Sogn og Fjordane Teater målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, «Vinje, vår mann». Forfattar Lars Amund Vaage fortalde kva Vinje har betydd for han, medan han blei akkompagnert av tenor Aasmund Kaldestad på piano og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen som las tekstar av Vinje. Men der Ottersen i fjor var del av ein trio skal han denne gongen ta med seg gitaren og legge ut på vegen åleine..

Kyrre Eikås Ottersen inviterer til ein biografisk
halvtime om Vinje, i visestil

Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til.

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860». Boka inneheld reiseskildringar frå gå-turen mellom Christiania og Trondheim. Vinje var glad i menneske og i boka skildrar han desse møta på poetisk vis.

Billettpris kr 100,-

billettar

TEKSTAR AV AASMUND OLAVSSON VINJE OG LARS AMUND WAAGE
REGI BODIL KVAMME MEDVERKANDE KYRRE EIKÅS OTTERSEN