Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kjøp pinnekjøt av villsau frå Lyngheisenteret

Publisert den 26.10.2017 - 20:05

Ønsker du godt, magert, økologisk og lokalt pinnekjøt til jul? I slutten av november kjem Lyngheisenteret til å ha klart pinnekjøt for levering. Dette er pinnekjøt av villsau som har beita på Ytre Lygra. Kjøt av villsau er magert og godt, både fordi sauen går i utmarka heile året, men også fordi han beiter på lyng, gras og urter som veks fritt ute. 

Pris kr 220 pr kg for heile pinnesider

      kr 250 pr kg for oppskore

Om du er interessert i kjøpe pinnekjøt, kontakt dagleg leiar Torhild Kvingedal på 951 58 756. 

 

26.10.2017 - 20:05