Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Jordvern og utviklingsarbeid – to sider av same sak? Hillesvåg 23/11

Publisert den 18.11.2015 - 13:22
18.11.2015 - 13:22

Måndag 23. november  kl. 18.30 inviterer Lyngheisenteret til ope møte på Hillevåg Ullvarefabrikk. 

Foredrag  med den kjende samfunnsdebattanten og vitskapsmannen Dag Jørund Lønning .

Lønning er professor og no rektor ved Høgskulen for  landbruk og bygdeutvikling. Han har  nyskaping og bygdeutvikling som spesialfelt og har arbeidd i lokalsamfunnsperspektiv både i Noreg og ikkje minst i andre land og verdsdelar, mellom anna med turisme i landlege strok. Han har også  teke del i internasjonale forskingsarbeid.

I FN sitt år for jordvern var det nærliggjande å utfordra han på tema jordvern og utvikling.

Dette vert eit  spanande  fordrag, av interesse for Næring og Landbruksorganisasjonar,  Reiseliv , politikarar og folk fleste.

Etter foredraget er det ope for spørsmål og debatt.

Velkommen! 

http://www.bondevennen.no/dag-jorund-lonning-fortel-fra-verdskongressen/