Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Intervju med Kjersti frå Statens Naturoppsyn

Publisert den 05.10.2017 - 16:00

Søndag 24.september hadde Lyngheisenteret besøk av Kjersti Follesøy frå Statens Naturoppsyn. Det var Familiesøndag og første helga i Ullveka, så Kjersti var her for å vise korleis ein kan farge garn og for å snakke om det viktige arbeidet ho og Statens Naturoppsyn gjer.

Hei Kjersti! Kan du forklare kva Statens Naturoppsyn er for noko?

Ja, altså, Statens Naturoppsyn er feltapparatet til Miljødirektoratet, så dei lagar handlingsplanane og vi følger dei . Dette innebærer både tilsyn med naturen, at verneverdiane oppretthaldast og at folk oppfører seg i naturen. Med å oppføre seg meiner vi til dømes at dei ein held hundar i band og at ein ikkje går i land på øyar kor ein veit fuglar rugar.

 

Kan du sei litt om kvifor dette arbeidet så viktig?

Det er veldig viktig å lære opp dei unge, for det er jo dei som skal overta og gi vidare til generasjonen etter dei. Og så er det veldig viktig å ta vare på eigenartene som er der ute; det vert ikkje same artsmangfaldet utan kystlyngheier og den er jo ikkje der utan brenning og beiting.

 

Så korleis jobbar dykk mot dette i praksis?

Mykje av jobben er tilsynsbiten og det å ver synleg. Vi treffer mykje folk og snakkar om kva vi gjer sånn at vi kan ha ein førebyggande effekt og at folk kan få forståing for naturen og det samspelet vi er i. Det er viktig å til dømes opplyse om båtreglar typ ”ikkje gå i land”, og dette vert lettare å følge når ein veit kvifor.

I tillegg så jobbar vi mykje frå nærmiljøa og det er spesielt barn og unge som er målgruppa. Det er jo dei som skal ta og bruke denne kunnskapen vidare. Så vi jobbar mykje ut mot skulen, både grunnskule og høgskule, og i desse opplegga er vi alltid mykje ute i naturen. Det å vere ute er alfa omega, for når ein skal lære natur så må ein ver der.

Mot barn så ser vi at når dei får kjent, følt lukta og opplevd naturen fysisk så får dei eit anna forhold til han og ser viktigheita i verneområdane. Førebyggande arbeid er det viktigaste!

 

Det er jo alltid nokon som gjer ulovlege ting, men det viktigaste er at vi er synlige og ser at det skjer noko. Ser til at naturen har det som han skal.

 

Takk til Kjersti for besøk og til ho og Statens Naturoppsyn for fokus på eit viktig arbeid!

 

Lær meir om Statens Naturoppsyn her

 

05.10.2017 - 16:00