Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Grunnskulen og Barnehagar

10.07.2016 - 21:00

  

Lyngheisenteret har ofte besøk av skuleklassar frå grunnskulen.

Under har vi lista nokre av aktivitetane vi kan førebu i forbindelse med undervisning hos oss.

Kontakt oss på vikbeke.haukeland@muho.no  for å avtale besøk og opplegg. 

Vi legg hovudsakleg opp til at aktivitetene skjer ute og at elevane skal bli kjend med området, forståing for dyreliv og gardsdrift.

Det er mogleg å låne grill ute frå Lyngheisenteret. 

 

Naustvika - 10min gange frå Lyngheisenteret

  - Fiske frå land.

  - Bruke havkikkert for å undersøke livet i fjøra.

  - Kartlegging av artar i forbinding med vidare skuleprosjekt.

  - Samle artar og kartlegge dei ved hjelp av artskart.

Ein kan også besøke Lurekalven (øy nordvest) ved å låne båt frå Lyngheisenteret (etter avtale, ekstra kostnad).

 

Gardsarbeid

Lyngheisenteret har sin eigen gard og avhengig av sesong kan vi tilby følgande:

  - Besøke sauar, kyr og høns.

  - Planting eller innhøsting i vår økologiske hage.

  - Jobbe ute med oss på ulike oppgåver som til dømes hesjing eller å ta opp poteter

  - Utforske plante- og dyreliv i lyngheiene.

  - Uteaktiveteter som å skyte med pil & boge og naturløype. 

 

På Infobygget

  - Aktiviteter som til dømes å kinne smør og male korn. 

  - Kjøkenarbeid som til dømes å lage pølser, bake kaker, førebu kjøttkaker osb. 

 -  Tilpassa kreative kunstaktivitetar.

 

Mat og drikke

Du er velkomen til å ta med eigen mat og drikke.

Vi kan òg gi eit tilbod for ein varm lunsj i restauranten vår. Ta gjerne kontakt med oss for meny og prisar.

 

BARNEHAGER

Barn elsker å være utendørs, så vi legg ofte undervisningsopplegget ute. 

Under har vi lista nokre av aktivitetane vi kan førebu i forbinding med undervisning hos oss.

Kontakt oss på vibeke.haukeland@muho.no  for å avtale besøk og opplegg. 

Vi legg hovudsakleg opp til at opplegga skjer ute og at barna skal bli kjend med området, forståing for dyreliv og gardsdrift.

Det er mogleg å låne grill ute frå Lyngheisenteret. 

 

Naustvika - 10min frå Lyngheisenteret

 - Bruke håv.

 - Leite etter skjell og ulike artar i fjøra.

 - Bruke havkikkert for å sjå etter krabber.

 - Fiske etter krabber frå land. 

 

På garden

Lyngheisenteret har sin eigen gard og avhengig av sesong kan vi tilby følgande:

  - Besøke sauar, kyr og høns.

  - Planting eller innhøsting

  - Jobbe saman med oss på ulike oppgåver som til dømes hesjing.

  - Utforske plante- og dyreliv i lyngheiene.

Tilgang er lett og området kan nås med barnevogner. Det er begrensa toalett fasiliteter på garden, men på Lyngheisenteret har vi fleire 

 

Mat og drikke

Du er velkommen til å ta med eigen mat og drikke.

Vi kan òg gi eit tilbod for ein varm lunsj i restauranten vår. Ta gjerne kontakt med oss for ein meny og prisar.

Is kan kjøpes i resepsjonen. 

Betaling for dagen på Lyngheisenteret

Vi spør ikkje om noko økonomisk bidrag frå deg for ditt besøk. Det vi ber om er at Lyngheisenteret aktivt vert nemnd i rapportar om besøket og at foreldre og familier er gjort oppmerksom på dei fine fasilitetane vi har å tilby her.

Kontakt oss på epost oss for meir informasjon.