Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Grunnskulen

Lyngheisenteret har ofte besøk frå skuleklassar på grunnskulen.

Under har vi lista nokre av aktivitetane vi kan førebu i forbinding med undervisning hos oss.

Kontakt oss på post@lyngheisenteret.no for å avtale besøk og opplegg. 

Vi legg hovudsakleg opp til at opplegga skjer ute og at elevane skal bli kjend med området, forståing for dyreliv og gardsdrift.

Det er mogleg å låne grill ute frå Lyngheisenteret. 

 

Naustvika - 10min gange frå Lyngheisenteret

  - Fiske frå land.

  - Bruke havkikkert for å undersøke livet i fjøra.

  - Kartlegging av artar i forbinding med vidare skuleprosjekt.

  - Samle artar og kartlegge dei ved hjelp av artskart.

Ein kan også besøke Lurekalven (øy nordvest) ved å låne båt frå Lyngheisenteret (etter avtale, ekstra kostnad).

 

Gardsarbeid

Lyngheisenteret har sin egen gård og avhengig av sesong kan vi tilby følgande:

  - Besøke sauar, kyr og høns.

  - Planting eller innhøsting i vår økologiske hage.

  - Jobbe ute med oss på ulike oppgåver som til dømes hesjing eller å ta opp poteter

  - Utforske plante- og dyreliv i lyngheiene.

  - Uteaktiveterer som å skyte med pil & boge og naturløype. 

 

På Infobygget

  - Aktiviteter som til dømes å kinne smør og male korn. 

  - Kjøkenarbeid som til dømes å lage pølser, bake kaker, førebu kjøttkaker osb. 

 -  Tilpassa kreative kunstaktivitetar.

 

Mat og drikke

Du er velkommen til å ta med eigen mat og drikke.

Vi kan òg gi eit tilbod for ein varm lunsj i restauranten vår. Ta gjerne kontakt med oss for ein meny og prisar.

Is kan kjøpes i resepsjonen. 

 

Betaling for dagen på Lyngheisenteret

Vi spør ikkje om noko økonomisk bidrag frå deg for ditt besøk. Det vi ber om er at Lyngheisenteret aktivt vert nemnd i rapportar om besøket og at foreldre og familier er gjort oppmerksom på dei fine fasilitetane vi har å tilby her.

Kontakt oss på epost for meir informasjon.

 

 

10.07.2016 - 21:00