Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Familiedag "Livet i fjøra"

Publisert den 04.07.2019 - 15:30

Velkommen til ein spennande familiedag i Naustvika, med "livet i fjøra" som tema 28. juli kl. 12 - 15.
Her kan du lære om kva som røyrer seg blant fjæresteinane. Vi har diverse utstyr for utlån, som t.d. håver, vannkikkertar, kasteriver etc., og plansjer som viser noko av det du kan finne... Kanskje kan du få sjå fangsten din i eit mikroskop og.

Ta gjerne med badetøy og uteleiker.
Restaurant Matstova på Lyngheisenteret er open for servering kl 12 - 17, og i kiosken / resepsjonen kan du kjøpe is og brus og litt av kvart. Velkommen til ein fin og lærerik dag ved fjorden

04.07.2019 - 15:30