Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Førjulsstemning med julelunsj på Lyngheisenteret

Publisert den 05.10.2017 - 15:41
05.10.2017 - 15:41

Fram mot jul har vi opent for bordbestilling til julelunsj i restaurant Matstova. Her kan du samle heile familien eller gode vener, og få servert god, heimelaga og lokal julemat i flotte lokalar med utsikt over fjorden. Men hugs å bestille bord og mat på førehand.

Dagane vi tilbyr julelunsj er følgande:

Laurdag 25.november

Sundag 3.desember

Laurdag 16.desember

Sundag 17.desember

Du kjem til fint dekka julebord, og får Gløgg som velkomst. Vi kan sette saman den menyen du ynskjer, men kan absolutt anbefale pinnekjøtet vårt av villsau frå Lygra. Vi på Lyngheisenteret er stolte av å servere god, økologisk, kortreist mat frå lokale bønder

Kokkens anbefaling

Pinnekjøt av villsau frå Lygra, med dampa poteter og heimelaga kålrotstappe

​(2 serveringar)

Riskrem, inkl. kaffe eller te

​Kr. 590 + drikke

Barn halv pris

Bestilling og spørsmål kan sendast til post@lyngheisenteret.no

Hjarteleg velkomen til førjulsstemning på Lyngheisenteret!