Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Fåredrag og workshop - Ullvekasjalet 2018

Publisert den 15.10.2018 - 18:19

Kom til oss og strikk årets ullvekasjal saman med designeren, i vakre omgivelser ved fjorden på Lygra.

Eit enkelt sjal, mange val…
Vigdis Valde fortel og viser korleis ho jobba med designoppdraget frå Ullveka, arbeidet som resulterte i sjalet «Duvende hav». Det blir ei veksling mellom fåredrag og workshop:
Høyr meir om inspirasjonen som ligg bak designet, om sjølve designprosessen og lær deg korleis du kan vidareutvikle mønsteret sjølv, kva for vurderingar som ligg bak fargevala, kva for kvalitetar som egnar seg, kva strikkefastheita gjer for resultatet, korleis du strikkar holmønster og korleis du kan jobbe fram ein tekstil som blir nett slik du vil.

Oppskrift til sjalet finn du her: http://www.ulluken.no/ullvekasjalet.html

Ta gjerne med garn og pinnar. Alternativt kan du kjøpe materiell hos Vigdis.

Velkommen til ein koseleg strikkesundag på Lyngheisenteret!

Pris kr 300
Billettar finn du her: https://tikkio.com/tickets/7085-faredrag-og-workshop-med-designer-av-ullvekasjalet-2018

Eller ved påmelding til post@lyngheisenteret.no, tlf. 56 35 64 10

Det vert lunsj kl 13.30, kor du kan kjøpe villsausuppe, kaker etc.
Pris for suppe kr 80 liten / 160 stor

15.10.2018 - 18:19