Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Byflora - fotoutstilling på Lyngheisenteret

Publisert den 02.05.2019 - 15:52

Irene Heggstad viser bilete av planter og pollen.


«ByFlora» billedutstilling er ei samling kollasjer av planter og pollen, fotografi og mikrografi. Planter frå byrommet er fotografert – og pollen frå dei same planter er bearbeida og avbilda gjennom elektronmikroskop ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen. Saman framstår dei som fargerike og estetiske enkeltståande verk, med ein unik detaljrikdom frå ei verd det er få forunt å kunne studere.

Eit elektronmikroskop er eit mikroskop som «lyser opp» objektet med elektroner i stadenfor lys og kan gje veldig store forstørringar.
Der kor fotografiet blir danna av lys, bruker elektronmikroskopet elektroner i avbildninga. Elektroner bombarderer prøven, og ein detektor ser elektronane som vert reflektert frå prøveoverflata og gjer dette om til eit digitalt svart og kvitt bilete.

OM UTSTILLAREN IRENE HEGGSTAD
Irene Heggstad (f. 1967) er utdanna institusjonsfotograf ved Universitetet i Bergen.
Ho tok sitt fagbrev i 1991 – og har sidan 1993 arbeida som tekniker ved same institusjon.
Dagleg produserer ho billedmateriell for studenter og forskare innan ulike disipliner ved universitetet.
Utstillinga «ByFlora» er likevel hennar fyrste separatutstilling. I 2017 var den i Oslo, i 2018 Bergen, og no på Lyngheisenteret i 2019.

- Eg har valgt å fokusere på pollen. Så vakker, men samstundes så plagsom for mange av oss. Korleis er dei, eigentleg? Korleis ser dei ut? Eg oppdager at dei gjerne liknar si moderplante - at ein lilje har lange og slanke pollen, ein peon har runde og lubne pollen, mens ei løvetann har skarpe og taggete pollen som ser ut til å mestre alt. Og det gjer den jo og, seier Irene Heggestad.
- Eg har lenge hatt eit ønske om å skape noko visuelt av noko av det interessante eg får høve til å arbeide med ved Universitetet i Bergen, seier Heggstad. Eit ønske om å skape eit personleg uttrykk henta frå den vitskapelege verda. Gjerne vitskap som kunst – eller  kunst som vitskap om du vil.
- Biologi er særs spennande og interessant. Den er til å forstå. Den er vakker, og den triggar mi estetiske sans, avslutter Heggstad.

02.05.2019 - 15:52