Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Brørvikskuto og skuleelevar på Lyngheisenteret

Publisert den 20.09.2018 - 11:37

Både hausten og Brørvikskuto kom til Lyngheisenteret forrige veke, i tillegg til nærare 300 skuleelevar. Vestnorsk kystkultur sto på programmet, og elevane fekk prøve seg på mangt og mykje. Nokon fekk segle med skuta, andre fekk ta opp poter og lage potesuppe, gå på epleslang og lage eplegraut. Fisking, kjerning av smør, kverning av korn til graut, kjøttbolleproduksjon, svele og stompekakebakst var andre aktivitetar. Poenget var å lage maten på gamlemåten, og at elevane skulle sjå kor maten kom frå. Når det var tid for lunsj, fekk alle smake på godsakene. Ei flott og hektisk veke på Lyngheisenteret!

20.09.2018 - 11:37