Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bokdykk på Lygra

Publisert den 04.04.2019 - 14:09
04.04.2019 - 14:09

Gled deg til 23. juni kl 13:30, då vert det bokdykk og meire til hos oss. Ingeborg Askeland frå Knarvik har skreve den spennande historiske romanen "Margretesirkelen", kor handlinga er frå Luro og Bergen på 1300-talet. Ved hjelp av vår eigen "Brenner", Mons Kvamme, gjer vi eit litterært dykk ned i denne romanen, her i sine rette omgjevnader på Lyngheisenteret, samme plass kor garden i boka låg på 1300-talet. Ingeborg Askeland kjem og ut med ein oppfølger til denne romanen no i vår, noko som gjer bokdykket ekstra spennande. Velkommen til litterær midtsommar hos oss. Arrangementet er gratis!

Ønsker du eit ekstra historisk sus over dagen, kan vi anbefale å ta "Gamle Dampen", veteranbåten Oster ut til oss. For rutetider frå Bergen, Salhus og Knarvik, sjå www.oster.no

Samme kveld vert det Jonsok i Naustvika med fyr i grillen kl 18 og bål kl 19