Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bokdykk i ulne mysterier med Gunnar Staalesen

Publisert den 16.08.2019 - 13:41
16.08.2019 - 13:41

På Ullvekas siste dag, vert det ullen og mystisk stemning på Lyngheisenteret då vi inviterer til Bokdykk med sjølvaste Gunnar Staalesen og Mons Kvamme.

Varg Veum har hatt fleire turer til Nordhordland, han har til og med vært innom Lygra.... Dette er noko av det du kan høyre meir om denne spennande ettermiddagen.

Arrangementet er gratis!

PS! Det skjer mykje meir på Lyngheisenteret denne dagen!

Kl. 12.30 - 14: Villsausafari, ein flott tur for heile familien, kor du møter villsauen både i Lyngheia og på garden.

Kl. 14 - 17: Ullverkstad for barn i alle aldre, med toving og nålefilting.

Kl.12 - 16 Spinnekurs (førehandspåmelding)

Kl. 16 - 17 Bokdykk med Gunnar Staalesen og Mons Kvamme i auditoriet

Restauranten har ope frå 12 - 18, og på menyen finn du blant anna villsausuppe.

Velkommen til ein spinnvill og ullen dag på Lyngheisenteret!