Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Undervisning og Opplevingar Oversikt

28.09.2010 - 12:19

Lyngheisenteret tilbyr undervisnings og opplevingar opplegg til

 -  barnehagar
 -  skular
 -  universitet/høgskular.

Sjå respektive side barnehagar, skular, universitet/høgskular for flere detaljer.

Gjennom heile året er det mogeleg å drive utandørs undervisning om ulike tema knytt til kulturlandskap, l
landbruk, miljø, historie og geografi.

Lygra ligg midt ute i Lurefjorden med interessante marine tilhøve som kan trekkjast inn i undervisninga.
Uteaktivitetane femnar om alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka,
til enklare registreringsarbeid for bruk i den vidare utforskinga av miljøtilhøva på Lygra

Alle oppgåvene skal medverke til heilskapleg forståing av korleis det tradisjonelle kulturlandskapet
er eit resultat av gardsdrifta og ei berekraftig utnytting av ressursane på kysten.