Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Slik kjem du deg til Lyngheisenteret

02.05.2013 - 12:20

Addresse

Lyngheisenteret

Lurevegen 1575,

Ytre Lygra

5912 Seim

Tlf. 56 35 64 10 // 951 58 756

GPS

Latitude 60.6948

Longitude 5.10739

 

  Bil

Med bil tar det ca 50 min frå Bergen. Følg E 39 nordover, i rundkjøringa før Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen), følg rv 57 til Seim og følg skiltinga vidare til Lyngheisenteret

Med bil tar det ca 30 min frå Knarvik (regionsenteret i Nordhordland)

Rekn ut kjøretid og veg til Lyngheisenteret

 

Sjøveg

Med Norled sin ekspressbåt tar det ca 50 min frå Bergen. Ein må bestille stopp på Lygra hos Norled éin dag før reisa til/frå Lygra. 

På vestsida av Ytre Lygra er det ein eigen flytekai for Lyngheisenteret. Her stoppar ekpressbåtane frå Bergen eller Sogn og Nordfjord.

Norled: 51868700 

Rutetider / (Regional rute - Sogn 7 Nordfjord / Flåm - Bergen)

Lygra kai ligg 15min gange frå Lyngheisenteret. Stien fra kaien er ikkje egna for gjester med gangvansker.

Kaien kan brukast til store privat båter, men berre som eit avstignings- og påstigningspunkt. 

 

  Private båtar

Private båtar kan leggast til på innsida av ekspressbåtkaien, men ver merksam på at plassen er begrensa og at det er veldig uroleg sjø når hurtigbåtane og anna trafikk passerer.

NB! Ikkje legg til på utsida då dette er rutebåtane sin plass.

Ei flytebrygge er tilgjengelig på austsida av Lygra for korttidsopphold. Det ligg ca 10 minutter frå Lyngheisenteret. Ta kontakt med Ole Mathias Lygren på epost eller 40491398 for å få tillatelse til å bruke flytebrygga.

 

 Rutebuss

Det går rutebuss til Lyngheisenteret frå Knarvik, rute 310/311/313 til Lygra snuplass. 

Lygra snuplass ligg circa 15 minutter frå senteret. Vegen passer til alle.

Rutetabell.

For retur frå Lygra snuplass ta kontakt med Skyss i god tid på tlf: 177

 

Turbuss

Vi tar imot bussgruppar av alle størrelser etter avtale. Bussholdeplassen for turbussar er 5 minutt gange frå Lyngheisenteret. Busser kan parkere 15 minutt frå senteret.

Ta gjerne kontakt på e-post om planlegging av dagsbesøk.

 

Fly

Bergen Internasjonal Flyplass, Flesland (BGO), ligg ca 1,5 timer frå Lyngheisenteret med bil.