Barnehagar
Barn elsker å være utendørs, så vi legg ofte undervisningsopplegget ute.
Under har vi lista nokre av aktivitetane vi kan førebu i forbinding med undervisning hos oss.
Kontakt oss på post@lyngheisenteret.no for å avtale besøk og opplegg.
Vi legg hovudsakleg opp til at opplegga skjer ute og at barna skal bli kjend med området, forståing for dyreliv og gardsdrift.
Det er mogleg å låne grill ute frå Lyngheisenteret.
Naustvika - 10min frå Lyngheisenteret
- Bruke håv.
- Leite etter skjell og ulike artar i fjøra.
- Bruke havkikkert for å sjå etter krabber.
- Fiske etter krabber frå land.
På gården
Lyngheisenteret har sin eigen gard og avhengig av sesong kan vi tilby følgande:
- Besøke sauar, kyr og høns.
- Planting eller innhøsting
- Jobbe saman med oss på ulike oppgåver som til dømes hesjing.
- Utforske plante- og dyreliv i lyngheiene.
Tilgang er lett og området kan nås med barnevogner. Det er begrensa toalett fasiliteter på garden, men på Lyngheisenteret har vi fleire
Mat og drikke
Du er velkommen til å ta med eigen mat og drikke.
Vi kan òg gi eit tilbod for ein varm lunsj i restauranten vår. Ta gjerne kontakt med oss for ein meny og prisar.
Is kan kjøpes i resepsjonen.
Betaling for dagen på Lyngheisenteret
Vi spør ikkje om noko økonomisk bidrag frå deg for ditt besøk. Det vi ber om er at Lyngheisenteret aktivt vert nemnd i rapportar om besøket og at foreldre og familier er gjort oppmerksom på dei fine fasilitetane vi har å tilby her.
