Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Babettes gjestebod - ei mat og kulturoppleving av dei sjeldne

Publisert den 24.09.2018 - 14:00
 

Foto: Thor Brødreskift

3. november er det duka for årets mat og kulturoppleving på Lygra!

Hordaland teater og Ragnhild Gudbrandsen kjem med framsyninga "Babettes gjestebod" til Lygra kyrkje kl 16.30.
Kl. 18.00 er det dekka for at du sjølv kan ta del i dette fantastiske gjestebodet på Lyngheisenteret!
 
Kokken Andrew har fått med seg Kjersti Linn frå Ikeland gard, og saman steller dei i stand eit gourmetmåltid av dei sjeldne. Menyen er i utgangspunktet den same som i framsyninga, berre at vi nyttar eigne og kortreiste råvarer, og lager ein lokal vri på det heile. Dette blir ein fantastisk oppleving du seint vil gløyme! 
Pris for framsyning og 6 rettars meny: kr 990,- (inkl. alkoholfri aperitif)
Vinpakke med nøye utvalde viner som passer til maten: kr 525,- (5 glass)
Om du berre vil sjå framsyninga i Lygra kyrkje, utan mat, koster den kr 250,-
 

MENY BABETTES GJESTEBOD

Aperitif - Løvetannsaft frå Lygra (alkoholfri)

Kalve consomme

Suppe med eggekuler og kalveboller  

Vin: La Frontera Amontillado Medium Dry

 

Blinis Demidoff

Blinis - ( ei form for mini pannekaker ) med kaviar, løk, rømme og dill

Vin: Mercier Brut

 

Cailles en sarcophage

Vaktel i butterdeigkiste, servert med trøfler, sopp og grønt, potetmos med ramslauk, og raudvinssaus

Vin: Brunel C D R Côtes du Rhône

Grønn salat med rista valnøtter, lynghonning og raudvinssirup med bringebær

 

Modne Oster

Eksklusivt utval av lokale og kortreiste oster

Vin: Brunel C D R Côtes du Rhône

 

Baba (savarin)

Kake dyppa i løvetannsirup, servert med sitrusfrukter, karamellisert frukt, og toppa med piska krem

Vin: Ch. Bellevue 2015

 

Kaffe / Avec

Servert med eit eksklusivt utval heimelaga konfekt

Nb! Konjakk inngår ikkje i vinpakka, men kjøpast utanom

 

 
Treng du overnatting? Ta kontakt på post@lyngheisenteret.no, vi har overnatting på Magnusgården og Lygra Gjestegård.
 
BABETTES GJESTEBOD - omtale 
Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys
 
Prostedøtrene  Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i ein norsk fjordbygd. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.
 
Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.
Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi dei trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev både dei og oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.
Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin Bispedømmeråd inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.
 
 
Framsyninga varer ca 1 time, gjestebodet på Lyngheisenteret varer til langt på kveld...
 
Ragnhild Gudbrandsen er ei anerkjend skodespelerinne, kjend frå både teater og film, som har si utdanning ved The Roy Hart Theatre i Sør-Frankrike. I 2013 mottok Ragnhild Pernille statuetten for sin sceneprestasjon i monologen Lilly Valentin. Difor er det ekstra stor grunn til å gle seg når ho no skal i gong med monologen om Babette.
 
Stig Amdan har regien på framsyninga. Han er ein dyktig skodespelar og regissør, utdanna ved Staten Teaterhøgskule.
24.09.2018 - 14:00