Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Båttur frå Bergen til Lygra, inkludert kortreist frukost, guiding og film

Publisert den 23.01.2019 - 10:01

 

 

Nydeleg båttur frå Bergen til Lygra. Nyt frukost med lokalmat på Lyngheisenteret og opplev det 5000 år gamle historiske landskapet.

Dette er ein prisgunstig 4 timars utflukt med opplevingar for både kropp, sjel og gane! Skjærgarden og fjordkysten nord for Bergen er fantastisk, og på Lygra finn du opent landskap, lys og luft, storslått utsikt, fred og ro, i stor kontrast til det travle bylivet.

På Lygra kai vert du møtt av ein lokal guide, som fortel om det spesielle, kulturhistoriske landskapet som er prisbelønna av Unesco og Europa Nostra, på vegen til Lyngheisenteret. I restaurant Matstova kjem du til dekka frukostbord med kortreiste råvarer frå dei omkringliggande gardane. Frukostmenyen varierer etter sesong, men du får blant anna heimebakt brød, egg frå frittgåande høns, ost og heimelaga kjøttpålegg. Sei frå til oss om du har spesielle behov eller allergener, så ordnar vi alternativ mat.​

Etter frukosten kan du sjå film om kystlyngheiene, du kan leige sykkel eller fiskestong til 100 NOK, eller gå tur i det flotte, historiske landskapet som er prisbelønna frå Unesco. Her går du på tilrettelagde stiar, langs vikinggraver og biologisk mangfald.​

 

Nordhordland er velkjent for ull og sau, spesielt villsau. På Lygra kan du sjå sauen gå på beite i sitt rette element, og i museumsbutikken sel vi garn, strikkepakker og andre flotte ullprodukt.

Eller kanskje du berre vil senke skuldrane og nyte stillheita og utsikta til fjord og fjell? Er du heldig kan du sjå både havørn, villsau og andre dyr, før båten tar deg tilbake til Bergen. Velkommen til ein føremiddag med mykje opplevingar for pengane!

Dine billetter:
Båtturen går med Norled si ordinære avgang, og pga. av dette må båtbilletten kjøpes for seg og frukost med guiding og film betales direkte på Lyngheisenteret (kort, vipps eller kontant).

Pris: (inkludert båt, frukost, guiding og film)
Totalpris vaksen kr 590 (kr 286 ved bestilling, 304 kr ved ankomst)
Totalpris barn u. 16 år kr 340 (kr 190 ved bestilling, 150 kr ved ankomst)
Totalpris student / honnør kr 490 (kr 190 ved bestilling, 300 kr ved ankomst)

Tider:
Avgang frå Strandkaiterminalen i Bergen kl 8.00, ankomst Lygra kl. 8.40.
Retur kl. 10.55, ankomst Strandkaiterminalen i Bergen kl. 11.50.

Strandkaiterminalen ligg like ved Turistinformasjonen på Fisketorget.

Gangavstand frå kaia til Lyngheisenteret tek om lag 10 minutt. Stien er grusa og framkommeleg for barnevogn, men ikkje for bil. Det er nokre trappetrinn opp frå kaia til stien, så det kan være ei utfordring om ein kjem med rullestol eller har med barnevogn, då dei må då bærast opp desse trinna.

ONLINE BOOKING:

https://www.visitbergen.com/ting-a-gjore/battur-til-lygra-med-kortreist-frukost-pa-lyngheisenteret-p4718923
Turen må bestilles seinast 2 virkedagar før avreise. (Turen kan og kjøpast i Turistinformasjonen seinast dagen før avgang.)

Betaling:
Du betaler berre for båten når du bestiller på førehand. Frukost med guiding og film betales direkte på Lyngheisenteret (kort, vipps eller kontant).

Avbestilling:
Ved avbestilling inntil 2 dager før avreise, refunderast fullt beløp minus kr 100,- i avbestillingsgebyr per bestilling. (ikkje per person). Ved kansellering etter dette gjes ingen refusjon. Avbestilling gjerast ved å sende epost til booking@visitBergen.com

Dine billetter:
Du vil innen 2 virkedager få tilsendt en mail fra booking@visitBergen.com, med dine båtbilletter vedlagt som PDF. Det er billetten som du viser ved ombordstigning. Da er din bestilling 100% bekreftet. Skulle du mot formodning ikke motta denne mailen, ta kontakt med oss på epost booking@visitBergen.com. Du kan printe billettene eller vise på din mobil ved ombordstigning.

DSC03592_FULL_CR.jpg

Heathland Lurefjorden
Great view over the heathland and fjord

DSC03744_FULL_CR.jpg

Aurora borealis, northern light
Northern Light over the fjord and Heathland Centre
23.01.2019 - 10:01