Søndag får vi besøk av slåttefolka frå Havråtunet på Osterøy. Dei held i hevd den gamle kunsten å slå med stuttorv og langorv og hesje. Dei vil dele kunnskapen med oss opp ved å halda kurs og vere med å vise små og store kunsten!
Slått og Hesjing for born og vaksne kl 12.30 – 15. Sal av Slåttegraut, villsausuppe mm.
Kortkurs i Ljåslått kl 12 og kl 13. Kurshaldarar: Kjetil Monstad og Tove Mostrøm frå Havråtunet
Kr 50,- påmelding ved oppmøte.
Kort kurs i Hesjing kl 12.30 og kl 13.30. Vert halde av slåttefolk frå Havråtunet
Gratis
Kl 14.00 Konkurranse i Ljåslått. Det kan konkurrerast i stutt- og langorv , og klasseinndelinga er slik:
Gutar/jenter 12 – 20 år
Gutar/jenter 20 – 60 år
Menn/damer 60+
Påmelding ved oppmøte
Velkommen til ein triveleg søndag !






