Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



17. mai 2020 - blir du med å bevare minner frå ei annleis grunnlovsfeiring?

Publisert den 12.05.2020 - 12:30
12.05.2020 - 12:30

 

17. mai 2020 - ein heilt uvanleg dag!

I år blir det ei annleis nasjonaldag. Det blir ikkje 17. mai-tog eller samlinger ved skuler og grendahus. Folk utfordrast til å markere dagen på nye og oppfinnsomme måter. Dette vil norske museer høre meir om.

·       Kva pleier du å gjere på 17. mai?

·       Kva gjorde du 17. mai 2020?

·       Send gjerne inn gamle og nye bilete frå 17. mai!

Museum i heile Noreg inviterer no folk til å dokumentere sin 17. mai – både korleis dagen vanlegvis har vært og korleis den vart i dette uvanlige året. Alle bidrag vil gje eit verdifullt tidsbilete – eit reservoar av fortellingar bevart i muséa sine samlingar.

Kampanjen er eit samarbeid mellom museum over heile landet. På denne dagen er det mange som har faste tradisjonar, men akkurat kva som står på programmet og korleis det vert gjennomført varierer frå stad til stad og frå person til person. Korleis ser din normale 17. mai ut? Kva må til for at du skal komme i stemning? Et det noko du ikkje kan være forutan? Er det noko du gjerne kunne unngått? Kva er 17. mai for deg? Korleis vart det i år?

Innsamling skjer gjennom portalen minner.no. Her kan alle som ønsker, dele fortellinger, fotografier eller film.  Den som deltar kan velge om bidraget skal publiserast på nettstedet, slik at alle kan sjå det, eller berre være for forskning.

Ikkje alle har forutsetninger for å bruke digitale løysinger, som nettportalen minner.no. Vi håper at barn, vaksne og eldre kan hjelpe kvarandre, slik at dei som vil være med får deltatt. Alle fortellinger er verdifulle!

Innsamlinga skjer på denne nettadressa: https://minner.no/tema/17mai2020

Kontakt: 

Innsamlingen koordineres av Samtidsnett, ved Svein Gynnild, Stiftelsen Lillehammer museum (samtid@maihaugen.no, 934 42 861)

Ansvarlig for arkivering og publisering på minner.no er Norsk Folkemuseum, ved Audun Kjus (audun.kjus@norskfolkemuseum.no, 400 23 558)