Lyngheisenteret

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit informasjonssenter om kystlandskapet. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap slik det har vore på kysten i 5000 år. Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna.  Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. I dag held lyngheiene i Norge og Europa på å forsvinne, 90 % er alt borte på grunn av oppdyrking, forureining og tilgroing. På Lygra er lyngheiene verna gjennom aktiv gardsdrift.

Ledig stilling ved Lyngheisenteret

Medarbeidar til resepsjon og drift av infosenter, ledig 50% stilling frå 1.juni 2013 ved Lyngheisenteret.

Familiesøndag på Lygra 28. april

Bli med på Våronn! Kl 12.00 – 14.30 Potetsetting – kl 13.30 – 14.00 Bli med kokken å lage potetsuppe

Skjøtsel av verdifullt kulturlandskap i Hordaland: Havrå og Lygra

Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland har delt ut midlar til 31 mottakarar som driv skjøtsel i viktige kulturlandskap i Hordaland. Mellom desse er Museumssenteret i Hordaland.

Brann på Lyngheisenteret

Brannalarmen gjekk ca 02.10 1. januar på Lyngheisenteret. Tryggleiksrutinene fungerte fint og våre folk var raskt på plass. Brannvesenet vart også varsla med det same. Dei kom på plassen etter ei stund og både slukking og sikringsarbeid kunne starta opp. [...]

Jul for heile familien på Lyngheisenteret 25/11

Søndag 25 nov. kl. 12-16 Julemesse & Juleverkstad Sal av husflid, julekaker, lefser m.m. Juleverkstad – lag dine eigne julegåver og dekorasjonar! Marsipan og Pepparkakeverkstad. Billett til Juleverkstad kr 50,-

Kurs i lefsebaking på Lyngheisenteret 19-20/11

Kurs i Lefsebaking 19. og 20. nov kl. 17 – 20 Lag dine eigne lefser til jul! Kurset går over 2 kveldar pris kr 1000,- påmelding til 95158756/ 56356410 eller  post@lyngheisenteret.no

Adresse

  • Lyngheisenteret
  • Ytre Lygra
  • 5912 Seim
not
Sjå større kart

Kontakt

Opningstider

  • 19.mai - 30. sept: ons-fre kl 12 -15.30, sundag 12-17
  • Heile året: Vi tek i mot grupper, selskap, bedrifter m.m., og skuleklassar og studentar etter avtale.
  • Flott turterreng, fritt tilgjenge heile året. NB! Hugs bandtvang, dyr på beite heile året.