Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Primus for sogelag

Publisert den 10.03.2020 - 11:07
10.03.2020 - 11:07
Kulturverntenesta i Nordhordland kan tilby hjelp til dei som ynskjer å nytta elektronisk verktøy til å katalogisere samlingar. Det er no laga ein versjon av registreringsprogrammet Primus, tilpassa private samlingar. På same vis som musea kan ein også i denne versjonen publisere registreringane på Digitalt museum. Ta kontakt med Kulturverntesta for informasjon om vilkår og korleis ein kan kome i gang.