Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Om Kulturverntenesta i Nordhordland

24.01.2014 - 14:30

Kulturverntenesta i Nordhordland vart oppretta med to stillingar i 2006 for å gje råd og rettleiing i museums- og kulturminnesaker til private og forvaltning i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy.

Bygningsverntenesta er eit samarbeid med Hordaland fylkeskommune som disponerer 40% av stillinga.

 

Vi kan gje råd og rettleiing i samband med m.a.

  • Arkitektfaglege spørsmål  om eldre bygningar,
  • dokumentasjon av bygningar, eller kulturmiljø.
  • Katalogisering, oppbevaring,  eller formidling av samlingar’
  • Finansiering av tiltak, søknadar

Vi arrangerer kurs og opplæring innan bygningsteknikkar, restaurering eller dokumentasjonsarbeide og sikring av samlingar.

Tenestene er fritt tilgjengelege.