Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kurs i never og torvtekking

Publisert den 10.06.2015 - 11:57
10.06.2015 - 11:57

Steinsland i Modalen 26 -28 juni. 

Kursleiar: Steinar Mølster, Voss

Ta med regnklede/arbeidklede og kniv.
Vi har lokal never frå Modalen og Eksingedalen.
Torva er ferdig skoren og ligg på pallar. Stein blir køyrt fram slik at vi har litt å leite i.
Kurset tek til fredag kl 10:00 med kaffi, mat, orentering om tekking med never og torv og om Steinslandstunet.
Kurset er kompetansegjevande og Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger, som er medarrangør, vil dele ut kursbevis til
kurdeltakarane.

Fredag kl 10:00 – frammøte, kaffi mat og orientering om kurset
kl 11:30 Matpause
Vi held fram til 15:30

Laurdag kl 08:00 – frammøte
kl 11:30 Matpause
Vi held fram til 15:30

Søndag kl 08:00 – frammøte
Kl 11:30 Matpause
Vi held fram til 15:30

Alle måltid inngår i kurset.
Det er plass til 5-6 stk til å overnatte i tunet. Elles er det overnattingsmuligheiter på Mo.

Kursavgift kr 1000,- gjeld som påmelding.
Kontonummer: 35001018130

Eventuelle spørsmål rettast til Asbjørn Ekse tlf 91733026 eller e- post: aekse@live.no

Sjå heile invitasjonen her (pdf).