Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bygninsvernkonsulenten: Dokumentarportrett - jordkjellarar

Publisert den 22.04.2020 - 13:26
22.04.2020 - 13:26

Kulturverntenesta i Nordhordland fekk i 2018  og i 2019 midlar frå Norsk handverksinstitutt til dokumentasjon av bruken av jordkjellarar. Langs vegane og på eit fleirtal av gardane i Nordhordland finn ein desse fascinerande konstruksjonane som var ein livsviktig del av natural hushaldet. Likevel er det mange som ikkje lenger kjenner til fortida til jordkjellaren, og i dag er det også svært få som brukar sine jordkjellarar.

Vi ønskjer å bevare minnet om korleis dei har vore brukt; kva kunnskap som framleis finst rundt bruken av desse kulturminna. Filmskapar og visuell antropolog Siri Linn Brandsøy har fått i oppdrag å lage eit kort dokumentarportrett av jordkjellaren og bruken av den.

Vi har no i haust og vinter starta opp arbeid med intervju og filming, og filmsnutten skal etter planen vere ferdig hausten 2020.

Jordkjellar, Foto: Siri Linn Brandsøy

Foto: Siri Linn Brandsøy