Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bygningsvernkonsulenten: Steinløe i Dalstø – Meland/Alver

Publisert den 22.04.2020 - 13:19
22.04.2020 - 13:19

I januar 2019 var Kulturverntenesta i Nordhordland på synfaring til gnr 19, bnr 5 i Dalstø i Meland kommune. Bakgrunnen for synfaringa var at eigar ville ha ei vurdering av tilstand og kulturminneverdi til steinløa. Løa er i to etasje med flor/fjøs nede og løe oppe. Den har ei nesten kvadratisk grunnflate (ca 7x7m) er reist i tørrmur og har villskifer på taket. Alderen på løa er ikkje kjend, men konstruksjonsmåte og plassering med møneretninga på tvers av dalføret tilseier høg alder. I Nordhordland, særleg i Meland, er det mange konstruksjonar i tørrmur; som vernemurar for våningshus, løer og naust, i jordkjellarar samt i rekke andre byggverk. Den utstrekte bruken av tørrmur er eit særtrekk for Nordhordland. Sjølv om slike konstruksjonar er vanlege å sjå i landskapet her er det uvanleg å sjå slike bygningar som løa i Dalstø med stein i både veggar og tak.

Det er no lekkasje i taket og fleire av sperrene er i ferd med å gje etter. Difor må skiferen merkast og takast ned, sutak må merkast og takast ned, sperr må bytast/forsterkast. Deretter må det gamle sutaket, som er gamle båtbord, leggast på plass att før skiferen vert lagt på til slutt.

Det vart søkt om støtte til istandsetting frå Meland kommune, Hordaland Fylkeskommune, Norsk kulturminnefond og Stiftelsen UNI. Finansiering er no på plass og byggmeister Haakon Kvestad er no klar til å ta til på arbeidet.

Steinløe i Dalstø – Meland/Alver Steinløe i Dalstø – Meland/Alver Steinløe i Dalstø – Meland/Alver Steinløe i Dalstø – Meland/Alver