Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bygningsvernkonsulenten: Nordre Kvinge Trevarefabrikk - Masfjorden

Publisert den 22.04.2020 - 12:53
22.04.2020 - 12:53

Nordre Kvinge Trevarefabrikk var stifta i 1919. Fabrikken står på tørrmur heilt inntil Norkvingeelva. Då fabrikken var i drift vart det produsert dører, vindauge og trapper. Fabrikken vart sett opp ved elva i Nordkvingo slik at ein kunne nytte vasskrafta her. I byrjinga vart det brukt kvernkall for å utnytte vasskrafta. Seinare vart det montert turbin, noko som gav sikrare drift. Det vart etter kvart kjøpt inn ein motor som kunne halde drifta i gang når elva i tørkeperioder vart for lita til å halde turbinen i gang. Alle maskinene i fabrikken er basert på reimdriftsystem.

Fabrikken var i drift til 1965. Då ville eigarane selje fabrikken. Dei fekk eit tilbod der den nye eigaren ville rive og flytte bygningen. Folk i bygda var sterkt imot dette og det enda med at fem karar kjøpte fabrikken. Dei nytta fabrikken til å lage vindauge, dører, skap og trapper til eige bruk. Det vart og bygd trebåtar i fabrikken i ei periode. I 1992 kjøpte far til noverande eigar ut dei andre. Han har brukt fabrikken til ymse reparasjons og hobbyarbeid. Både kledning og vindauge er prega av mange år med manglande vedlikehald og det er behov for å skifte kledning og å reparere samt ,nokre stadar, sette inn nye vindauge/kopiar. I tillegg må ein byte ut noko utvendig listverk på vindauga.

Fabrikken representerer ei type småindustri som tidlegare var svært vanleg langs vestlandsfjordane, men som no er borte. Det som gjer trevarefabrikken i Nordkvingo spesielt verdifull er at reimdriftsystemet og maskinene fungerer framleis. Ein har her eit industriminne med komplett utstyr for produksjon slik den var då den vart nedlagt i 1965.

No er eigaren i ferd med å sette i stand trevarefabrikken og han har til no brukt over 900 timar på arbeidet. 14 vindu er reparert eller kopiert og all kledning er skifta i sørveggen. Neste steg er vestveggen. Kulturverntenesta i Nordhordland har hjelpt til med søknadsprosessen og midlar frå Masfjorden kommune, Stiftelsen UNI og Norsk kulturminnefond har gjort istandsettinga mulig.

Nordre Kvinge Trevarefabrikk  Nordre Kvinge Trevarefabrikk  - Vindu i sørvegg før istandsetting. Nordre Kvinge Trevarefabrikk - status mars 2020. Nordre Kvinge Trevarefabrikk  - Nye vindu og kledning på plass.