Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bygningsvernkonsulenten: Dendrokronologisk datering Litloksa

Publisert den 22.04.2020 - 13:44
22.04.2020 - 13:44

Kulturverntenesta i Nordhordland har gjennom fleire år arbeidd med datering av bygningar, sokalla dendrokronologi. Dei fleste oppdraga har vore for Hordaland, no Vestland, fylkeskommune, men vi har og hatt oppdrag utanfor fylkesgrensene.

I desember 2019 var vi på Litloksa i dåverande Lindås kommune. På Litloksa står ei lemstove der nordre delen av huset er eit eldre loft. Bua, eller nedre delen av bualoftet, står som del av Litloksahuset på Hordamuseet. I samband med ei undersøking av potensielle mellomalderbygningar i Vestland føretok Kulturverntenesta i Nordhordland og NTNU ei dendrokronologisk undersøking av huset. Tømmerkassa i nordre delen, den som har vore loft, viste seg å vere frå 1665.

Dendrokronologisk datering Litloksa

I syllstokken, det nedste omfaret, er der spor etter bjelkelaget mellom bu og loft. Dette korresponderer på millimeteren med bua som står på Hordamuseet.