Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bygningsvernkonsulenten: Bygningsforsking - Havrå

Publisert den 22.04.2020 - 13:33
22.04.2020 - 13:33

I dei ståande bygningane på Havrå er det svært mykje gjenbruksmaterial. Særleg i løene er svært mykje av grindkonstruksjonane gjenbruk frå løene som stod før ombygginga midt på 1800-talet.

Vi har sett at det vil la seg gjere å langt på veg “rekonstruere” desse bygningane ut frå dimensjon på material, sperrehakk, ymse fellingar og andre spor. I tillegg vil vi kunne tidfeste bygningsdelane med dendrokronologi. Dette feltarbeidet kan føre oss nærare eit svar på korleis det gamle Havrå såg ut før endringane midt på 1800- talet.

Arbeidet vil ha overføringsverdi til resten av regionen når det gjeld forståinga av endringar i byggeskikk og tunskipnad.