Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Historie

02.04.2012 - 10:11

Ådnatun Museum vart grunnlagd i 1933 av Lars Ådna. Han var aktiv i dei lokale historie- og mållaga og ville at Ådnatun skulle vere ein samlingsplass for fornminne i dei næraste sokna. Dei fleste av bygningane er reist av Lars sjølv, to av husa er nytta som bustad og Lars budde sjølv her med si hustru Kari fram til sin død 1971. Lars og Kari hadde ingen born og testamenterte eigedomen til ein skipnad.

Arna Sogelag har med stor dugnadsånd og lite midlar drifta Ådnatun til det blei oppretta ein samarbeidsavtale om drift med Museumssenteret i Hordaland pr 01.01.2011.  Arna Sogelag står framleis som huseigar  og har eigne tilskipingar i bygga.