Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Samlingane

02.04.2012 - 10:35

 

Apotek

Bygningar opne for publikum:

Ådnabu II 1938: Bygd som skule for Framhaldskulen, seinare nytta som bustad.I dag er det kafe og bibliotek i fyrste etasje og i kjellaren er det innreia ei gamal skulestove med historisk skulemateriell. Skulemøblane er lånt ut frå skulane i området. I kjellaren er det og eit apotek med delar av innreiinga frå Gamle Arna Apotek. Dette var eit av vestlandets fyrste apotek  som opna i Ytre Arna i 1903. Der er og planar om å laga ein skomakarverkstad i kjellaren.

Skulestove

Ådnabu III 1953:Bygd som oppbevaringshus for gjenstandane Lars hadde samla. Inneheld mellom anna utstillingsrom, magasin og i andre høgda ein litt større utstillingssal. Her er det meste av samlingane utstilt og i tillegg vil det væra ulike temautstillingar i delar av huset. Ådnabu III vert også nytta til større forsamlingar som til dømes kulturkafe i regi av Arna Sogelag. I den faste utstllinga i andre høgda finn ein for det meste bruksgjenstandar frå nærliggjande jordbruksbygder. Samlinga favnar vidt frå gjenstander ein brukte ute i tunet til andre typar gjenstander som høyrde til innomhus. Dei fleste av gjenstandane er frå før 2. verdskrig. Det er og ei tekstilsamling av brukstekstilar frå Ådnatun, denne inneheld både klær og broderi. Tekstilsamlinga er utstilt i fyrste etasje.

Stølshuset  

Ådnabu VI 2000: Også kalla Seimssetra. Tidlegare stølshus i Reppardalen for to av gardane i Arna. Bygget er truleg frå 1800 talet og blei flytta til Ådnatun i 1960 der det blei midlertidig oppsett før det blei utbygd i 2000. Inneheld eit opphaldsrom og eit soverom.  

Ådnabu VII 2007: Bygget er frå Ca 1750 og då nytta som kvernhus. Seinare flytta til Garnes og bygd om til utedo for vitjande når Gamle Vossabanen opna på 1880 talet. Ådnabu VII: Prosjektert kvernhus frå garden Holo.

Blomster

Andre bygningar i tunet:

Ådnabu I 1933: Fyrste huset som blei bygd i tunet. Var heimen til Lars og Kari. Er i dag utleigd til private.

Ådnabu IV 1970: Del av eldre gardshus frå Ytre Arne Gard som blei sett opp i Ådnatun i  1970. Huset er satt i stand av Arna Husflidslag som har leigekontrakt på huset og nyttar det til sine aktivitetar.

Ådnabu V 1992: Tidlegare verneverdig gardshus frå Seim i Arna. Flytta til Ådnatun av Arna Sogelag i 1992 og vert nytta av sogelaget.

Seimshuset  

 

 

Image: