Kulturverntenesta i Nordhordland
Kulturverntenesta i Nordhordland gir råd og rettleiing om korleis ein kan ta vare på kulturminna vi har kring oss og korleis vi kan formidle kunnskapen om desse vidare til andre. Lag, organisasjonar og private i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy kan fritt bruke tenestene.
Vi kan gje råd og rettleiing i samband med m.a.
- Arkitektfaglege spørsmål om eldre bygningar
- Dokumentasjon av bygningar, kulturmiljø, samlingar eller immateriell kultur.
- Katalogisering, oppbevaring, eller formidling av samlingar
- Finansiering av tiltak, søknadar
Vi arrangerer kurs og opplæring innan bygningsteknikkar, restaurering eller dokumentasjonsarbeide og sikring av samlingar.
01.12.2011
Vi søkjer etter medarbeidar til ledig stilling ved Ådnatun. Hovudoppgåvene vil vera utvikling og drift av publikumstilbodet, men også dagleg ansvar for samlingane og andre driftsoppgåver. Det vil vera sentralt å etablere ei god lokal forankring med nært samarbeid til lag, organisasjon og andre aktørar. Les meir her.
03.05.2011
Vi har oppretta ein eige videokanal. Besøk den for å sjå artige, alvorlege og interessante digitale forteljingar. Sjå videokanalen her.
02.05.2011
Norsk Kulturråd har fått i oppdrag fra Kulturdepartementet om å skrive en nasjonal plan for samlingsforvaltning. Vi stilte mannsterke i midtveiskonferansen. Les mer i felleskonservatortjenestens blogg: “Kunnskap og fortelling”
20.04.2011
Felleskonservator ønsker å invitere frivillige museumsorganisasjoner innen teknikk og industri til kurs i nye medier. Det er mulig for andre å melde seg på, men frivillige innen teknikk og industri vil ha førsteretten. Les mer her.