Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Teigblanding

14.10.2010 - 08:39

På Havrå ligg jordeiga på innmarka framleis teigblanda. Det er resultatet av ein måte å dela eit gardsområde i fleire bruk. Når eit gardsområde vart delt i to likeverdige bruk, skulle dei to nye bruka vera jamgode. Det kravde ei grundig vurdering av terreng og jordsmonn. Vart det vanskeleg å dela "reint", det vil seia i to samanhangande område, vart det delt "steint". Då vart dei ulike områda på garden delte slik at alle fekk del i god og dårleg åker, god og dårleg eng. Teigane vart markerte med merkesteinar. Når ein først har starta med å dela jorda på dette viset, vil ny bruksdeling skje innafor same system.

Teigblanding er kjend frå mellomalderen i Europa. I Noreg er denne delingsmåten best dokumentert frå 1600-1700-talet. Teigblandinga hadde si største utbreiing på Vestlandet, men er kjend også frå andre delar av landet.

På Havrå skjedde bruksdelinga frå to til åtte bruk i løpet av vel 200 år (1520 1690-åra). Måten dette er gjort på, er rekonstruert av Brita Skre i Havråboka. Å driva eit bruk på ein gard med stor teigblanding, stilte store krav til driftsmåtane og samarbeidsevna.